Førehandsrøysting i Fusa

Den vanlege førehandsrøystinga startar i dag 12. august og varer til og med 6. september. I Kommunetunet i Eikelandsosen kan du stemma måndag-fredag klokka 9-15. I tillegg vert det utvida opningstid nokre dagar. 

Som innbyggjar i komande Bjørnafjorden kommune, kan du før valdagen stemma anten i Kommunetunet i Eikelandsosen eller i rådhuset i Os.

Utvida opningstider i Kommunetunet

  • Laurdag 24.08. kl. 10-14
  • Torsdag 29.08.kl. 9-17
  • Laurdag 31.08. kl. 10-14
  • Onsdag 04.09. kl. 9-17
  • Torsdag 05.09. kl. 9-17

Hugs å ta med legitimasjon

Du treng ikkje valkortet for å røysta, men det gjer røystegjevinga enklare. Sjå meir informasjon om valkortet.

Veljarar som ikkje er kjende for røystemottakar, må visa gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er bankkort med bilete, posten sitt ID-kort, førarkort eller pass.

Ønskjer du meir informasjon om valet?

Sjå valsida vår og den nasjonale valsida valg.no   

Godt val!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30