Endringar i vedteken møteplan og ekstramøte veke 42-2017

Oppfølging av vedtak i sak 53/2017 i formannskapet 27.09.2017:

Møteplanen vart endra på følgjande måte:

Kommunestyret

Kommunestyremøtet 19.10.2017 er flytta til torsdag 26.10.2017 med møtestart kl 17.00.
På kommunestyremøtet presenterer rådmannen også hovudlinjene i budsjett 2018 og representantane får utdelt notatet.

Formannskapet

Budsjettkonferansen - som er obligatorisk formannskapsmøte - er flytta frå 21.11.2017 til 14. og 15.11.2017.  Gruppeleiarane vert invitert .
Planlagt møtestart er kl 10.00 tysdag 14.11.2017 og konferansen vert avslutta  ut på dagen/ettermiddagen onsdag 15.11.2017.     

I samsvar med tidlegare vedteken møteplan har formannskapet møte onsdag 22.11.2017 (planlagt heildagsmøte)

Handsaming av ordinære saker. Formannskapet skal m.a. gje si tilråding i budsjettsaka.

Ekstramøte i senior-  og funksjonsrådet

Fellesmøte mellom Os eldreråd og Fusa senior- og funksjonsråd måndag 16.10 .2017 kl 12.00 - 14.00  i Kommunetunet.

Fellesmøte mellom  Os sitt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og  Fusa senior- og funksjonsråd måndag 16.10.2017 kl 14.15 - ca 16.15  i Kommunetunet.

Fusa senior- og funksjonsråd måndag 13.11.2017 kl 15.00.

 
Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 17.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30