Endring av reguleringsplan for Lauvfjellet hyttefelt, Ådland

Utval for plan og miljø har i medhald av plan- og bygningslova (PBL) i møte 4.2.2016 (sak UPM-004/16) vedteke å leggja endring av reguleringsplan for Lauvfjellet hyttefelt gbnr. 15/9 Ådland søndre, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i PBL §§ 12-10 og 12-11, og er i tråd med føremål avsett i kommuneplanen sin arealdel. 

Området er tidlegare regulert til område for fritidsbustader med tilhøyrande infrastruktur, naustanlegg og småbåthamn (Hyttefelt Lauvfjellet, planID: 199901, vedteken 20.09.2000). Etter brev frå Fylkesmannen om manglande krav til utnyttingsgrad (BYA), har reguleringsplanen mangla rettsverknad (jf. Fylkesmannen si sak 2014/7786 423.1.)

Planen som no ligg føre, har retta opp i dette og elles vidareført intensjonane i vedtekter til eldre plan. Planen har mellom anna fått føresegner om utnyttingsgrad og byggjegrenser mot veg og sjø.

Eventuelle merknader skal sendast til Fusa kommune innan 30.03.2016. Bruk digitalt skjema for høyringsuttale.

Planframlegget er også lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen i Kommunetunet.

Saksdokument:

 

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30