Ekstramøte i kommunestyret

Det vert nytt ekstramøte i kommunestyret fredag 5. april 2013 kl 16.00 i Kommunetunet. På saklista står sak 13/13 om skulestruktur frå kommunestyremøtet 20. mars 2013. I den saka  fekk ingen av forslaga alminneleg fleirtal, jf. kommunelova § 35 nr 1.

Kommunestyret si synfaring 16.04.13 til BIR utgår.

Fullstendig saksliste på oppslagsplassane i kommunen. Saksliste med sakspapir er utlagt på biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen og på heimesida.

Hans S Vindenes
Ordførar

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30