Ekstra arbeidsmøte arealplan i UPM

Utval for plan og miljø (UPM) skal ha nokre ekstramøte i haust i samband med arbeidet med ny arealplan. Datoane er 10.09., 19.09. og evt. 01.10. (om det vert behov for det). 

Forslaget til planprogram for arealdelen (PDF, 866 kB) har vore på høyring med frist 15.07.2013. No skal innspela vurderast både administrativt og politisk. I tillegg skal det utarbeidast føresegner og retningslinjer, før ein kan vedta  planprogrammet endeleg.

Det vert difor nokre ekstramøte i UPM, i form av arbeidsmøte, i tråd med framdriftsplanen i forslaget til planprogram.  

  • Tysdag 10.09. kl. 10-14 - arbeidsmøte
  • Torsdag 19.09. kl. 10-14 - evt. arbeidsmøte
  • Torsdag 26.09. kl. 16 - ordinært møte: Vedtak planprogram med føresegner og retningslinjer (dersom klart)
  • Tysdag 01.10. kl. 16 - evt. ekstraordinært vedtaksmøte
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30