Eigedomsskatten 2012

Eigedomsskatten for 2012 vert lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen frå onsdag 29. februar og 3 veker framover. Klagefristen er onsdag 28. mars.

Klage

Det er berre høve til å klaga over taksten for det året takseringa fann stad. Klage på taksten må setjast fram skriftleg og underteiknast. Klagen må innehalda ei nærare grunngjeving av kvifor den fastsette taksten er feil. Klagefrist: innan onsdag 28. mars 2012.

Eigedomsskatten må betalast sjølv om det er sendt klage. Eventuelt for mykje innbetalt skatt vil verta attendebetalt dersom skatten vert redusert.

Klage kan sendast som brev til:

Fusa kommune
Eigedomsskattekontoret
Boks 24
5649 Eikelandsosen

eller som e-post til: postkasse@fusa.kommune.no


Skattesats

Satsen for eigedomsskatt er fastsett til 7 promille. Det vert gjort unntak for ubygde tomter, naust, bustad og fritidseigedomar som vert gitt ein reduksjon på 5 promille, slik at skattesats for slike eigedomar er 2 promille.

Nye husvære til bustadføremål får fritak frå eigedomsskatt i inntil 10 år, rekna frå dato for mellombels bruksløyve/ferdigattest. Dette gjeld nye husvære ferdige frå 1.1.2004.

Kommunestyret har vedteke at det skal vera eit botnfrådrag på 30 %. Botnfrådraget gjeld ikkje for næringseigedomar, verk og bruk.


Betaling

Eigedomsskatten forfell til betaling i 2 terminar:

  • 1. forfall 25. april 2012

  • 2. forfall 25. november 2012


Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30