Detaljregulering Tollaneset bustad og næring

Utval for plan og miljø (UPM) har i møte 15.03.2018 vedteke å leggja detaljregulering for Tollaneset bustad og næring, GBNR 20/156 i Eikelandsosen, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist: 11.05.2018.

Vedtaket er heimla i pbl §§ 12-10 og 11.

Bruk digitalt skjema for høyringsuttale, og merk med saksnr 17/653 Høyringsfrist: 11. mai 2018.

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for 36 leilegheiter, nytt næringsområde langs fylkesvegen, kyststi, gang- og sykkelvegar, parkering, småbåtanlegg, kai, bade og friområde i sjø og på land. Det vert òg utbetra avkøyring frå fylkesvegen, og trygge overgangar for mjuke trafikkantar.

Nedanfor finn du dokumenta som er til høyring saman med andre vedleggsdokument. Dette er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Høyringsdokument:

Vedlegg:

 

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 26.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30