Vedtak:
"Detaljregulering for Grimeneset strand- og naustområde, del av GBNR 19/3 og 12, vert med dette vedteke i kommunestyret. Vedtaket vert gjort på følgjande vilkår:
1. Ein framdriftsplan for tilbakeføring av området med ulovlege massar i sjø skal sendast kommunen innan to månader frå dette vedtaket.
2. Det skal i ein slik plan lokaliserast eit eigna område for mottak – før det vert gitt løyve til å flytta massane. Kommunen inviterer til dialog om ei løysing.
Vedtaket er heimla i PBL § 12-12."
Vedtaket i sin heilskap, med godkjend plan (føresegner, plankart og planomtale) er òg tilgjengeleg i ekspedisjonen i Kommunetunet i Eikelandsosen.
Klager
Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan påklagast, jf. PBL § 1-9. Klagefrist: 16. juni. Bruk dette klagerettsskjemaet. (PDF, 83 kB)
Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Fusa kommune:
-
E-post: postkasse@fusa.kommune.no
-
Brev: Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen.