Bolaks startar planarbeid for landbasert oppdrett på Samnøy

Multiconsult Norge AS varslar på vegner av Bolaks AS oppstart av detaljregulering innanfor delar av områdeplan for Samnøy industriområde, i medhald av plan- og bygningslova § 12-8. Frist for merknadar: 09.08.2019.

Forslagsstillar er Bolaks AS. Multiconsult Norge AS er plankonsulent. PlanID: 1241201902.

Formålet med planen

Hovudformålet med reguleringsplanen å leggja til rette for landbasert oppdrett. Formålet er i samsvar med gjeldande områdeplan for Samnøy industriområde, som vart vedteken i 2018. Varslingsområdet utgjer til saman om lag 208 dekar.

Planen sine tiltak utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, jf. plan- og bygningslova § 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiing.

Ønskjer du meir informasjon?

Sjå følgjande lenker:

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte av Multiconsult.

Har du merknadar?

Kommentarar og merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg innan 09.08 2019 til:

  • Multiconsult Norge AS v/Vigdis Berge, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun
  • e-post: vigdis.berge@multiconsult.no
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30