Berge naturstein - varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Berge naturstein, gnr. 25, bnr. 1 i Fusa kommune. Evt. uttalar kan sendast til ABO Plan & Arkitektur AS innan 30.12.2016.

Føremålet med planarbeidet er å regulera området til råstoffutvinning for uttak av naturstein og murstein. Det vil i planprosessen bli vurdert å leggja til rette for bygg for verkstad og innandørs lagring av maskinelt utstyr.

Planområdet er på om lag 42 daa, og er i arealdelen til kommuneplanen sett av til område for råstoffutvinning. Konsekvensutgreiing for arealet og føremålet er utført i samband med arealdelen til kommuneplanen.

Tiltakshavar for planarbeidet er Jon Berge. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Meir informasjon

For nærare informasjon kan spørsmål rettast til:

  • ABO Plan & Arkitektur AS v/Ola Klyve Dalland - epost: ola@abo-ark.no, tlf: 900 21 198
  • eller sjå ABO sin nettstad under menypunkt "Nabovarsler – Reg.planer/Høringer"

Har du merknader?

Uttalar og innspel til utviding av planområdet skal sendast skriftleg til:

  • ABO Plan & Arkitektur AS, Postboks 291, 5203 Os (Tlf: 56 57 00 70)
  • E-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Frist for uttale er sett til 30.12.2016.

Det er ikkje nødvendig å senda kopi av uttalar til Fusa kommune - dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

Vidare arbeid

Når reguleringsplanen er ferdig utarbeidd, vil planforslaget bli førstegongs handsama i Fusa kommune og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vera mogleg å koma med innspel og uttalar til det utarbeidde planforslaget før vidare politisk handsaming.

Vedlegg:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30