Kunngjeringar og høyringar

Her finn du kunngjeringar og informasjon om plansaker og anna som vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Vanleg utleggsperiode for til dømes reguleringsplanar er seks veker.

Bruk digitalt skjema ved innsending av høyringsuttale til Fusa kommune.

Skjema høyringsuttale

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.01.2016
Høyringar og kunngjeringar
(24.05.2017)

Tildelte adressenummer på attståande vegstrekningar i Fusa, er no lagt ut på høyring. Dette gjeld strekninga Eikelandsosen-Mundheimsdalen, Kilen-Tysnes, Holdhus-Tveita og hyttefelt på Ådland. Frist for innspel er 13. juni. Sjå meir informasjon i eigen artikkel under nyhende.

(22.05.2017)

Møte måndag 29.05.2017

  • Senior- og funksjonsrådet, kl. 15.00
  • Politiske gruppemøte, kl 18.00

Møte tysdag 30.05.2017

  • Administrasjonsutvalet, kl. 16.00

Møte onsdag 31.05.2017 

  • Formannskapet, kl 10.00

Sjå sakslister med sakspapir

(19.05.2017)

 Det vert kontrollutvalsmøte, onsdag 24. mai kl 10 på Kommunetunet

Sjå sakspapir her (PDF, 19 MB)

(09.05.2017)

Det vert ekstramøte i formannskapet måndag 15.05.2017 kl 16.00 på Kommunetunet.

Sjå sakspapir (PDF, 498 kB)

(08.05.2017)

 Det blir møte i arbeidsgruppa for administrasjonsutvalet, tysdag 9. mai 2017 kl 16.00 på Kommunetunet

- Sak: rullering av lønspolitisk plan

(25.04.2017)

Følgjande  er kalla inn til møtet:  Gruppeleiarar, varaordførar og ordførar (personidentisk med valnemnda )

Møtetid og stad: Torsdag 27.04.2017 kl 16.00 i Kommunetunet – møterom 157 loftet
 
På saklista står  kommunestyresak 30/2017 som skal vidare til kommunestyret same dag: 030/2017 Tilsetjing av rådmann (vert ettersendt/delt ut i møtet).
 
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30