Vil ha to brosjyrer

Styringsgruppa for kommunereforma vedtok torsdag 26. mai 2016 at det skal lagast to brosjyrer om kommunereforma: Ei om Bjørnefjordsalternativet og ei eiga om kva det vil seia for Fusa om kommunen vert ståande åleine (det såkalla nullalternativet). Den siste skal lagast av fire politikarar og ein tillitsvald. Sjå heile vedtaket under "Les meir"/nedanfor.

Følgjande felles framlegg fremja av Aud-May Boge vart samrøystes vedteke i styringsgruppa for kommunereforma torsdag 26. mai 2016.

  1. "Informasjon om 0-alternativet vert trekt ut av informasjonsbrosjyren om Bjørnefjorden Kommune.
  2. Det vert sett ned ein redaksjonskomite som får i oppgåve å utarbeida ein folder om 0-alternativet i samsvar med kommunestyrevedtaket 18.05.16.
    Komiteen skal bestå av fire politikarar og ein representant frå dei tillitsvalde.
    Som politikarar møter Margunn Samnøy, Hans Ekeberg, Lars Erik Dalland og Bjarte Samnøy.
  3. Overskrifta i Bjørnefjordbrosjyren skal enda i eit spørsmålstegn.(?)"
Publisert av Fusa kommune. Sist endra 31.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30