Slik får du informasjon om kommunereforma

Det er mykje usikkerheit knytt til kva ei eventuell kommunesamanslåing vil ha å seia for innbyggjarane og dei kommunale tenestene. Denne usikkerheita ønskjer vi å ta på alvor, og leggja til rette for ein open, ærleg og raus debatt. Framlegget til intensjonsavtale mellom Fusa, Os og Tysnes inneheld føringar for korleis og i kva for kanalar vi vil informera om det vidare arbeidet.

Dei tre forhandlingsutvala har det overordna ansvaret for kommunikasjonen i reformprosessen. Forhandlingsutvala er opptekne av openheit og av å gje innbyggjarane og andre interessegrupper rett og relevant informasjon om prosessen fram mot ei eventuell samanslåing.

All informasjon skal vera tilgjengeleg for alle interesserte.

Informasjonskanalar

Intensjonsavtalen inneheld føringar for korleis og i kva for kanalar vi vil informera om det vidare arbeidet.

  • Utover i mai månad vil du finna meir informasjon på kommunane sine eigne nettsider og gjennom artiklar og annonsar i media.
  • Vi har planlagt utsending av ein informasjonsbrosjyre til alle husstandar i Tysnes, Fusa og Os i løpet av mai.
  • Vi ønskjer òg å invitera til opne folkemøte i slutten av mai, der du får høve til å stilla spørsmål til politikarane og koma med dine meiningar.
  • Kommunetilsette vil i tillegg få informasjon på interne nettsider.
  • Vi vil leggja ut oppdatert informasjon om arbeidet med kommunereforma på her på temasida vår i etterkant av møta framover.
  • I mai vil du kunna lesa framlegg til intensjonsavtale og andre dokument

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30