Revidert intensjonsavtale for Bjørnefjorden kommune

Forhandlingsutvala i kommunane Os og Fusa har revidert intensjonsavtalen for ny Bjørnefjorden kommune etter at Tysnes kommunestyre i møte 18. mai sa nei til intensjonsavtalen som var datert 9. mai 2016. Her kan du lesa den reviderte intensjonsavtalen (PDF, 363 kB), som er datert 25. mai 2016.

Intensjonsavtalen innheld ei kort oppsummering av status, visjon, mål og føresetnader for kommunesamanslåing mellom Fusa kommune og Os kommune.

Det er eigne punkt om prinsipp for politisk organisering og prinsipp for tenestetilbod og kompetanse, kommunalt eigarskap og kommunikasjon og transport. Kommunikasjonsstrategi for reformprosessen og ei oversikt over kva ein må ta stilling til før 1. juli 2016 er òg med i intensjonsavtalen, saman med ein revidert framdriftsplan.

Avtalen tek for seg oppgåver som kommunane allereie løyser og ser òg på rom for utvikling og fordeling innan ein fusjonert Bjørnefjorden kommune.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30