Prosjektplan for sonderingsfasen

Første fase i arbeidet med kommunereforma er sonderingsfasen, der det skal klarleggjast kva samanslåingsalternativ som skal greiast ut. Kommunestyret har vedteke prosjektplanen for sonderingsfasen (PDF, 250 kB).

Ut frå modellen som er vald for kommunereformprosessen, er første fase i arbeidet sonderingsfasen. Måla for sonderingsfasen er:

  • Avgjera kva for alternativ det er aktuelt å ta vidare inn i utgreiingsfasen
  • Peika ut maksimalt tre alternativ
  • Utarbeida mandat for utgreiingsfasen

Fusa kommune delteke på nokre samlingar, der temaet har vore kva samanslåingsalternativ som skal greiast ut, m.a.:

  • ei samling for kommunane i Midthordland: Austevoll, Os, Fusa, Tysnes og Samnanger
  • drøftingsmøte for formannskapa i Fusa, Samnanger og Kvam 11.02.2015
Samarbeidsalternativ
I saksutgreiinga til kommunestyret heiter det at ut frå dei diskusjonane som har vore i formannskapet, m.a. i møte under budsjettkonferansen 11.09., og føringane i samfunnsdelen til kommuneplanen, kan følgjande samarbeid vera mest aktuelle å vurdera:
  1. Fusa åleine, evt. med grensejusteringar (Kvam, Kvinnherad)
  2. Fusa saman med Os, evt. Samnanger, Tysnes, Austevoll
  3. Fusa saman med Kvam og Samnanger, evt. andre?
  4. Fusa som del av Bergen kommune i lag med fleire andre kommunar (her vert utgreiing gjort i regi av Bergensalliansen)
For alle alternativa kan evt. deling av kommunen og/eller grensejustering vera aktuelle. Dette må vera tema i sonderingsfasen.
 
Organisering
Det er viktig at Fusa kommune er i takt med arbeidet som no skjer i dei andre kommunane og slik det er lagt opp til frå sentralt hald. 
 
Når det gjeld organisering av heile prosessen, er det lagt opp til at kommunestyret skal ta stilling til alle prosjektplanane for alle fasene. Kommunestyret har vedteke prosjektplan for sonderingsfasen.  
 
Snarveg:
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30