Overordna plan for kommunereformprosessen

Fusa kommunestyre handsama saka "Kommunereforma - kommunestruktur - opplegg for prosessen i Fusa kommune og godkjenning av plan for første fase" (PDF, 333 kB) i møtet sitt i mars. Politikarane vedtok framlegget til overordna plan for prosessen og godkjende framlegget til prosjektplan for første fase - sonderingsfasen - som vi no er inne i.

I kommunestyrevedtaket står følgjande: "Overordna plan for prosessen fram mot endeleg vedtak av framtidig kommunestruktur vert slik:

Mål for arbeidet:
  • Få fram best mogeleg avgjerdsgrunnlag med mest mogleg effektiv ressursbruk
  • Ta avgjerd i samsvar med statlege forventningar, ekspertutvalet sine tilrådingar og lokale behov
  • Ha medverknad heile vegen i prosessen
Arbeidet vert organisert i fleire fasar:
  • Sonderingsfase
  • Utgreiingsfase
  • Debattfase
  • Gjennomføringsfase
  • Driftsfase
Kommunestyret tek avgjerd etter kvar fase og gir oppdrag for neste fase.
 
Arbeidet vert organisert som eit prosjekt etter slik modell:
  • Prosjekteigar: Kommunestyret
  • Styringsgruppe: Formannskapet, supplert med gruppeleiar for Venstre då dette partiet ikkje er representert i formannskapet
  • Prosjektansvarleg: Ordføraren
  • Prosjektleiar: Rådmannen
Det kan nyttast ekstern bistand der det er nødvendig, jf. saksutgreiinga.
For fasane vert det utarbeidd prosjektplan. Den blir vedteken av kommunestyret.
Prosjektplanen skal innehalda mål for aktuell fase, organisering av arbeidet, risikovurdering,
milepælsplan, plan for medverknad og informasjon.
 
Framlegg til prosjektplan for sonderingsfasen (PDF, 250 kB) vert vedteken slik han ligg føre."
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30