Klart for innbyggjarundersøking

Det var fullsett sal og stort engasjement på folkemøtet om kommunereforma på Fusa vidaregåande skule 7. juni. No står innbyggjarundersøkinga for tur. Forhandlingsutvala i Fusa og Os har lagt fram ein intensjonsavtale (PDF, 363 kB) med vedlegg (PDF, 530 kB). No vil vi vita kva du meiner om avtalen og ei mogleg kommunesamanslåing. 9.-12. juni vert 300 fusingar oppringde. 

Informasjonsbrosjyrar

Innbyggjarane i Fusa har fått to informasjonsbrosjyrar i postkassa:

Presentasjon av alternativa

Ordførar Atle Kvåle gjekk gjennom to presentasjonar som innleiing på folkemøtet 7. juni. Du finn dei her:

Vegen vidare

  • 8. juni: Os har folkemøte
  • 9.-12. juni: Innbyggjarundersøking i Fusa og Os 
  • 20. juni: Behandling i formannskapa i dei to kommunane 
  • 22. juni: Kommunestyra gjer sine endelege vedtak 
  • 1. oktober: Fylkesmannen i Hordaland legg fram kva han meiner bør vera framtidig kommunestruktur 
  • Våren 2017: Basert på Fylkesmannen sitt framlegg, legg regjeringa fram forslag til handsaming i Stortinget
  • 1. januar 2020: Nye kommunar vil gjelda frå 1.1.2020
Publisert av Fusa kommune. Sist endra 08.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30