Fusingane seier ja til Bjørnefjorden kommune

Korleis ser innbyggjarane på samanslåing av Fusa og Os til ein ny Bjørnefjorden kommune? Innbyggjarundersøkinga gav dette svaret: Fusa kommune: 52 % positive, 25 % negative, 22 % verken/eller og 1 % veit ikkje. Os kommune: 38 % positive, 23 % negative, 37 % verken/eller og 1 % veit ikkje. Les meir om hovudfunna i meiningsmålinga.

Hovudfunn i meiningsmålinga

Meiningsmålinga som vart gjennomført i kommunane Fusa og Os tar for seg fleire element, m.a. korleis innbyggjarane ser på samanslåinga til ein ny Bjørnefjorden kommune. Det er dette spørsmålet som har vore hovudelementet i dei drøftingane som har vore mellom politisk hald i dei to kommunane. Oppsummert er svaret på kor positive eller negative innbyggjarane er til spørsmålet om samanslåing til ein ny kommune dette:

Fusa kommune: 52% positive, 25% negative, 22% verken/eller og 1% veit ikkje

Os kommune: 38% positive, 23% negative, 37% verken/eller og 1% veit ikkje

  • 65 % av dei spurde i Fusa kommune er for samanslåing med ein eller fleire nabokommunar. 24 % ønskjer å vera ein eigen kommune som i dag. Dei under 30 år er i minst grad for samanslåing. 42 % av dei spurde i Os er for kommunesamanslåing med ein eller fleire nabokommunar. Like mange (42 %) ønskjer å vera ein eigen kommune som i dag. Dei i alderen 50-69 år er mest positive til samanslåing, medan dei under 30 er minst positive. 
  • Dersom dei må slå seg saman med nokon, svarer 64 % av Fusa-innbyggjarane at dei vil slå seg saman med Os, 35 % Samnanger og 29 % Tysnes. På det same spørsmålet svarer 70 % i Os at dei vel Fusa. 27 % vel Tysnes, 17 % Samnanger, 10 % Bergen og 4 % Austevoll.  
  • 51 % av fusingane svarer at samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei som innbyggjarar. Aldersgruppa 50-69 i størst grad, dei yngste i minst grad. 25 % av osingane meiner ei eventuell samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei som innbyggjarar, dei yngste synest dette er minst viktig for dei.
  • 52 % av fusingane svarer at dei er positive til at dei to kommunane slår seg saman. 38 % av dei spurte osingane svarer det same. 
  • Innbyggjarane i Fusa meiner innbyggjarmedverknaden vil bli dårlegare i ein ny, stor kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur byggesaksbehandling, helsetenester, eldreomsorg og politisk styring vil bli betre løyst, det same med barnehagetilbod og skule/SFO. Innbyggjarane i Os meiner fyrst og fremst innbyggjarmedverknaden vil bli dårlegare i ein ny kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur barnehagetilbodet vil bli betre, elles meiner dei sentrale oppgåver vil bli løyste omtrent like godt i ein samanslått kommune. 
  • I Fusa svarer 49 % at dei trur dei vil oppleva tenestetilbodet i ein ny kommune positivt, samanlikna med tilbodet i dag. 26 % av osingane trur dei vil oppleva det samla tenestetilbodet i ein ny kommune positivt.

Les meir om undersøkinga:

Publisert av Fusa kommune. Sist endra 17.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30