Ekstramøte i kommunestyret 18. mai 2016

I samband med kommunereforma vert det ekstramøte i kommunestyret onsdag 18.5. kl. 17.00 for m.a. å behandla intensjonsavtalen. Møtet finn stad i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen og er ope for alle interesserte. 

Handsaming i tre kommunar

Intensjonsavtalen skal behandlast i ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai i alle dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes.

I desse møta vil dei tre kommunestyra òg ta stilling til korleis innbyggjarane skal få seia si meining om ei samanslåing før endeleg vedtak 16. juni. Eventuelle folkemøte vil skje i slutten av mai. Ei meiningsmåling kan vera aktuell i starten av juni.

Sakspapir vert lagt ut på heimesida veka før møtet og vert tilgjengelege i bilioteket.  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30