Bjørnefjorden kommune frå 2020

Fusa kommunestyre gjorde 22. juni vedtak om gå saman med Os kommune i ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. 17 representantar røysta for medan 4 røysta mot. Same kveld gjorde Os kommune vedtak om samanslåing med 33 mot 2 røyster.

Før avgjerda fall var saka debattert i nærare to timar.

Framlegg om utsetjing

Før kommunstyret gjekk til avrøysting var det fremja eit utsetjingsforslag frå Ranveig Næss, Høgre:

"Fusa kommune seier nei til å slå seg saman med Os til Bjørnefjorden kommune på noverande tidspunkt. Prosessen har ikkje vore gjennomført i samsvar med prosjektplanen og saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd. Styringsgruppa får i oppdrag å gjera ei vurdering i forhold til vidare framdrift av prosjektet".

Framlegget fekk 7 røyster og fall (Ranveig Næss og Aud-May Boge H, Bjarte Samnøy Krf, Peter-Hans de Zwarte, Mikal Leigland, Margunn Yndestad Samnøy og Marianne Borge Sp).

Innstillinga vart vedteken

Framlegget som fekk fleirtal, var identisk med rådmannen sitt forslag til vedtak og innstillinga frå styringsgruppa for kommunereforma:

"Fusa kommunestyre godkjenner at Fusa kommune slår seg saman med Os kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommune vil verta etablert frå 1. januar 2020".

Framlegget fekk 17 røyster. Desse røysta for: Atle Kvåle, Anne-Grete Gjerdevik, William Lindborg, Hans Ekeberg, Agnete Digranes Årvik og Helge Mjånes Ap, Roger Hoel, uavhengig, Magne Djuvik og Kristine Hjartnes Frp, Ranveig Næss, Aud-May Boge og Lars Erik Dalland H, Toralv Huse og Bjarte Samnøy Krf, Svein Lang og Richard Markhus Sp, og Gustav Folkestad V.

4 røysta i mot: Peter-Hans de Zwarte, Mikal Leigland, Margunn Samnøy og Marianne Borge, alle Sp.

Til slutt vart det votert over Mikal Leigland, Sp sitt framlegg, som var det same som mindretalet i styringsgruppa samla seg om 20. juni: "Fusa kommune ved styringsgruppa ser det ikkje formålsteneleg å slå seg saman med Os". 

Framlegget fekk 4 røyster og fall (Peter-Hans de Zwarte, Mikal Leigland, Margunn Yndestad Samnøy og Marianne Borge, alle Sp).

Det historiske kommunestyremøtet vart halde i gymsalen på Fusa vidaregåande skule med eit talrikt publikum til stades.

Sjå omtale av handsaminga i Os kommune på Os og Fusaposten si nettside

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30