Kommunesamanslåing

Kommunestyra i Fusa og Os gjorde 22. juni 2016 vedtak om slå seg saman i ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. På denne sida finn du informasjon om arbeidet som vert gjort i Fusa knytt til kommunesamanslåinga, og lenker til møte i styringsgruppa for kommunesamanslåing.

Du finn òg informasjon frå kommunereformprosessen fram til samanslåingsvedtaket, m.a. lenker til kommunestyret i Fusa si handsaming av saka 2015-2016 og til ei eiga side med rapportar, utgreiingar og anna kunnskapsgrunnlag for det lokale arbeidet.

 

På veg mot Bjørnafjorden kommune (fellesblogg)

 

Møte i styringsgruppa for kommunesamanslåing 2016-2017

Kunnskapsgrunnlag, rapportar m.m.

Kommunestyret si handsaming 2015-2016

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.08.2017
Kommunereforma
(21.08.2017)

Torsdag 24. august er det felles kommunestyremøte for Os og Fusa. Dette blir ein kveld for historiebøkene der ein skal bestemma både namn på ny kommune, politisk utvalsstruktur og andre viktige føringar for samanslåingsprosessen. Møte er på Fusa vidaregåande skule og tek til kl 17.00 og er ope for alle interesserte.

 
(03.08.2016)

Fusa kommunestyre gjorde 22. juni vedtak om gå saman med Os kommune i ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. 17 representantar røysta for medan 4 røysta mot. Same kveld gjorde Os kommune vedtak om samanslåing med 33 mot 2 røyster.

(22.06.2016)

Det vert møte i kommunestyret onsdag 22. juni kl 17.00 i gymsalen på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Møtet er ope for alle interesserte. På saklista står to saker: Intensjonsavtale mellom Fusa kommune og AS Sambygg, og Kommunereforma - vedtak om samanslåing. Sjå sakspapir (PDF, 3 MB).  

(17.06.2016)
Korleis ser innbyggjarane på samanslåing av Fusa og Os til ein ny Bjørnefjorden kommune? Innbyggjarundersøkinga gav dette svaret: Fusa kommune: 52 % positive, 25 % negative, 22 % verken/eller og 1 % veit ikkje. Os kommune: 38 % positive, 23 % negative, 37 % verken/eller og 1 % veit ikkje. Les meir om hovudfunna i meiningsmålinga.
(16.06.2016)

Det vert møte i styringsgruppa for kommunereforma måndag 20. juni kl. 18.00. Møtet finn stad på møterom 126 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Møtet er ope for alle. Sakspapir: Sjå saksutgreiinga til kommunestyremøtet 22. juni om kommunereforma (PDF, 3 MB).

(08.06.2016)

Det var fullsett sal og stort engasjement på folkemøtet om kommunereforma på Fusa vidaregåande skule 7. juni. No står innbyggjarundersøkinga for tur. Forhandlingsutvala i Fusa og Os har lagt fram ein intensjonsavtale (PDF, 363 kB) med vedlegg (PDF, 530 kB). No vil vi vita kva du meiner om avtalen og ei mogleg kommunesamanslåing. 9.-12. juni vert 300 fusingar oppringde. 

(08.06.2016)

Kva meiner du om ei samanslåing av Fusa og Os? Velkomen til folkemøte om kommunereforma tysdag 7. juni kl 18 på Fusa vidaregåande skule. Forhandlingsutvala i Fusa og Os har lagt fram ein intensjonsavtale (PDF, 363 kB) - ein avtale om at vi ønskjer å slå oss saman - med vedlegg (PDF, 530 kB). No vil vi vita kva du meiner om avtalen og ei mogleg kommunesamanslåing. Vel møtt! 

(08.06.2016)

I næraste framtid skal innbyggjarane i Fusa få to informasjonsbrosjyrer i postkassa: Ei om Bjørnefjorden kommune-alternativet og ei om Fusa åleine-alternativet. Tysdag 7. juni vert det folkemøte. 9.-12. juni vert det gjennomført innbyggjarundersøking. 

(01.06.2016)

Styringsgruppa for kommunereforma har møte onsdag 1. juni i Kommunetunet i Eikelandsosen. Møtet tek til etter møtet i formannskapet, truleg ca kl 18.

(27.05.2016)

Styringsgruppa for kommunereforma vedtok torsdag 26. mai 2016 at det skal lagast to brosjyrer om kommunereforma: Ei om Bjørnefjordsalternativet og ei eiga om kva det vil seia for Fusa om kommunen vert ståande åleine (det såkalla nullalternativet). Den siste skal lagast av fire politikarar og ein tillitsvald. Sjå heile vedtaket under "Les meir"/nedanfor.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30