Interkommunalt samarbeid

Fusa kommune samarbeider med andre kommunar på diverse område. Noko er langvarig og forpliktande samarbeid. På andre felt samarbeider me om avgrensa prosjekt. Samhandling og samarbeid er eitt av hovudsatsingsområda i samfunnsdelen av kommuneplanen for 2011-2023.

Lagspel gjev gode resultat

I kommuneplanen er det slått fast at det som skal vera styrande for organiseringa vår, er å kunna yta best mogelege tenester til innbyggjarane i Fusa. 

Det er eit hovudmål at Fusa kommune skal vera ein positiv medspelar som samarbeider med innbyggjarane, frivillig sektor, næringslivet, andre kommunar og andre offentlege instansar for å sikra ei god utvikling av fusasamfunnet. 

Eitt av delmåla er at Fusa kommune skal samarbeida med andre kommunar for å løysa noverande og framtidige utfordringar. Det skal Fusa gjera ved å:

  • vera ein aktiv aktør i Bergensalliansen

  • vera observatør, evt. medlem, i Sunnhordlandsrådet

  • vera opne for samarbeid med andre kommunar utanfor Bergensalliansen utifrå vår sentrale geografiske plassering

  • vera aktiv for å få til interkommunalt samarbeid på område der dette kan styrkja tenestene og let seg gjennomføra praktisk


Snarvegar til interkommunalt samarbeid

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30