Grunnlovsjubileet 1814-2014

I 2014 feirar vi at det er 200 år sidan Noreg fekk si eiga grunnlov. Dette markerte starten på det sjølvstendige Noreg, sjølv om vi var del av den svensk-norske unionen til 1905. Grunnlovsjubileet vert markert på ulike måtar rundt om i Fusa i løpet av året. På denne sida finn du smakebitar frå den lokale feiringa.

Snarvegar:

Sist det var felles prosesjon i Eikelandsosen var ved nasjonsjubileet i 2005. | Fotograf: Erik Vangsnes Segelcke-slekta på Engevik Gaard hadde eit flott våpenmerke på 1700-talet. 6. klassingane fekk teikna sine eigne våpenmerke på aktivitetsdagen 14. mai. | Fotograf: Erik Vangsnes Våpenmerke med ordspråk: "La meg vere meg å du få vere deg" teikna av elev i 6. klasse på aktivitetsdagen på Engevik Gaard 14. mai 2014. Dagen er del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto". Elevar og lærarar ved Eikelandsosen skule laga broderkjede utanfor skulen 20. mai 2014 kl 12. | Fotograf: Olav Aarvik Elevar og lærarar ved Eikelandsosen skule laga broderkjede utanfor skulen 20. mai 2014 kl 12. | Fotograf: Olav Aarvik Barn og vaksne laga broderkjede på skuleplassen 20. mai 2014 kl 12. Kjeda vart 45 m lang. | Fotograf: Maria Midtrød Elevar og tilsette ved oppvekstsenteret laga broderkjede på skuleplassen 20. mai 2014 kl 12. | Fotograf: Nore Fusa oppvekstsenter Elevar og tilsette ved Strandvik oppvekstsenter laga broderkjede på idrettsbanen 20. mai 2014 kl 12. | Fotograf: Heidi Baldersheim Elevar og tilsette ved Strandvik oppvekstsenter laga broderkjede på idrettsbanen 20. mai 2014 kl 12. | Fotograf: Heidi Baldersheim Kvinnebunad frå Fusa frå tida kring 1814. | Fotograf: Pernille A Fusa kommune 50 år: Jubileumstur til grensepunktet mellom dei tre gamle kommunane. Ordførar Hans Vindenes avdukar kommunevåpenet. | Fotograf: Erik Vangsnes Turdeltakarane på jubileumsturen til grensepunktet 17. august 2014. | Fotograf: Erik Vangsnes Ordførar Hans Vindenes held tale på grensepunktturen 17. august 2014. | Fotograf: Erik Vangsnes Styrar Hildegunn Myrlid Eide og Ina Strøm frå 5-årsklubben overrekte Trollskogen barnehage si eiga grunnlov til ordførar Hans S. Vindenes. | Fotograf: Trollskogen barnehage 6. klassingar i aksjon på krokketbanen på Engevik Gaard på aktivitetsdagen 14. mai 2014. | Fotograf: EMBV 6. klassingane fekk prøva seg på militær eksersis under leiing av Ottar Midtrød. | Fotograf: EMBV Fusa kommune 50 år: Ordførar, kulturleiar, einingsleiar og plansjef var på rekognoseringstur for å finna grensepunktet mellom kommunane Strandvik, Fusa og Hålandsdal og setja opp kommunevåpenet. | Fotograf: Erik Vangsnes Barn frå 5-årsklubben i Vinnes barnehage saman med pedagogisk leiar Else Lyse Opheim og ordførar Hans S. Vindenes på ordførarkontoret i Kommunetunet i Eikelandsosen. | Fotograf: Fredrik A. Thorsen
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.06.2015
Grunnlovsjubileet 2014
(08.09.2014)

Søndag 14. september er det jubileumstur med M/S Midthordland sjøvegen i Fusa frå nord til sør. I 2014 er det 50 år sidan dei tre herada Strandvik, Hålandsdal og Fusa gjekk saman i "nye" Fusa kommune. Turen er også Fusa si markering av dei nasjonale kulturminnedagane og inngår i programmet for Kystsogevekene i Hordaland. 

(25.08.2014)

Fusa kommune har no gitt ut ein faldar om «Bunader frå Fusa». Det er blitt ein flott trykksak som presenterer den lokale tradisjonen og gjev ei kort oppsummering av bunadsarbeidet fram til no. 

(25.08.2014)

Det vart ein vellukka tur til grensepunktet for dei tre tidlegare kommunane Fusa, Hålandsdal og Strandvik søndag 17. august. Den bortgøymte stemnestaden yrte av folk  og "Mellom bakka og berg" ljoma ut over den elles så fredlege Langedalen. 

(25.08.2014)

Nye" Fusa kommune er 50 år i 2014. Søndag 17. august er det jubileumstur til gammalt grensepunkt for dei tre tidlegare kommunane Fusa, Hålandsdal og Strandvik. Turen er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Fusa turlag. 

(21.05.2014)

20. mai 1814 laga Eidsvollsmennene ei broderkjede og sa "Enig og tro til Dovre faller". 20. mai 2014 var alle innbyggjarar i Noreg inviterte til å gjenskapa denne historiske hendinga. Skulebarn i Fusa tok utfordringa. 

(21.05.2014)

I samband med grunnlovsjubileet var 5-årsklubben i Vinnes barnehage på besøk hjå ordførar Hans S. Vindenes på kontoret hans i Kommunetunet, og ordføraren var på besøk i Trollskogen barnehage på Fusa. Barnehagane rundt i kommunen har hatt fokus på 200-årsjubileet siste tida, og fleire stader har dei laga sitt eige grunnlovsforslag. 

(21.05.2014)

I samband med grunnlovsjubileet vert det utstilling og framsyning av lokale bunadstradisjonar laurdag 24. mai i Eikelandsosen, Fusa. Det vert prosesjon på Fjord’n senter kl 12.00 med presentasjon av lokale folkedrakter frå tida kringa 1814 og frametter. Sjå plakat. 

(21.05.2014)

Onsdag 14. mai samlast alle 6. klassingane i Fusa på Engevik Gaard for å læra meir om det som skjedde i 1814, og ikkje minst den historiske perioden før Grunnlova - dansketida. Engevik Gaard var ein av mange offisersgardar i Noreg på 1700-talet. Aktivitetsdagen innheldt både historietime og tidsriktige aktivitetar. 

(21.05.2014)

Det er laga eit felles programhefte for 17. mai i Fusa i høve grunnlovsjubileet 2014. Papirutgåva vert distribuert til alle husstandar i bygdene og lagt ut på sentrale stadar. Som ved nasjonsjubileet i 2005 er det lagt opp til felles feiring i kommunesenteret Eikelandsosen på føremiddagen 17. mai. På ettermiddag og kveld vert det arrangement i bygdene. 

(21.05.2014)

Fusa innleiar søndag 23. februar kl 11.00 grunnlovsfeiringa med jubileumsgudsteneste i Fusa kyrkje. At nett denne dagen og ei gudsteneste er vald, skuldast at det i desse dagar er 200 år sidan fusingar, osingar og samningar, alle frå gamle Os prestegjeld, var samla til ei spesiell gudsteneste i Os kyrkje. 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30