Førehandsrøysting på institusjonar og heime

Det blir førehandsstemming på institusjonar og skular i framtidige Bjørnafjorden kommune. Du kan òg be om å få førehandsstemma heime, dersom du på grunn av sjukdom eller uføre ikkje kan koma deg til eit ordinært vallokale. Fristen for å søkja om heimestemming er tysdag 3. september kl. 15.00.

Førehandsstemming på skular og institusjonar

I Fusa kan du stemma på desse institusjonane:

  • Baldersheim helsetun: onsdag 4. september, kl. 10.00-12.00
  • Eikhovdaheimen: onsdag 4. september, kl. 13.30-15.00
  • Fusa bu- og behandlingssenter: torsdag 29. august, kl. 10.00-13.00

I Os kan du stemma på følgjande institusjonar og skular:

  • Gamleheimshagen: måndag 2. september, kl. 13.30-15.30
  • Kongshaug musikkgymnas: måndag 26. august, kl. 10.45-12.15
  • Kysthospitalet: måndag 26. august, kl. 13.15-15.30
  • Luranetunet bu- og behandlingssenter: fredag 30. august, kl. 10.00-13.30
  • Os gymnas: onsdag 28. august, kl. 11.00-13.00
  • Os vidaregåande skule: måndag 2. september, kl. 11.00-12.30
  • Ravneberghaugen: tysdag 3. september, kl. 13.00-15.00

Førehandsstemming heime

Dersom du på grunn av sjukdom eller uføre ikkje kan koma deg til eit ordinært vallokale, kan du be om å få førehandsstemma heime. Då vil representantar for valsekretariatet koma heim til deg med stemmesetlar, urne og anna nødvendig utstyr.

Korleis søkja om heimestemming?

Du kan ringja:

  • Gunn Sissel Teigen, Fusa kommune - mobilnummer 404 15 558 
  • Kommunetorget på Os rådhus - telefon 56 57 50 00

Du kan senda e-post eller brev til: 

  • postmottak@os-ho.kommune.no
  • Bjørnafjorden kommune v/valsekretariatet, postboks 84, 5202 Os.

Søknadsfristen for heimestemming er tysdag 3. september kl. 15.00.

Hugs legitimasjon

Hugs valkort (som du skal ha fått tilsendt i posten) og legitimasjon med namn, bilete og fødselsdato når du skal stemma.

Meir informasjon om valet finn du på val.no

Godt val! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30