Korleis brukar vi ressursane våre?

I sommar fekk vi KS-Konsulent AS til å utarbeida ein eigen "Virksomhetsanalyse for Fusa kommune - en analyse av kommunens ressursbruk" basert på dei sist oppdaterte KOSTRA-tala og kommentarar frå einingane våre.

36 % av totalbudsjettet går til pleie og omsorg, 28 % til skule, 9 % til administrasjon, styring og fellesutgifter, 11 % til barnehagar, 5 % til helse og 11 % til resten av dei kommunale tenestene.

 

Høgt kostnadsnivå

Rapporten viser at Fusa har eit høgt kostnadsnivå for mange av tenesteområda våre.

  • Det vert peika på at kommunen har ein kostnadskrevjande skule- og barnehagestruktur.

  • Innan pleie og omsorg yter vi tenester til ein større del av innbyggjarane enn i kommunar vi vert samanlikna med, og profilen er institusjonstung og dermed kostnadskrevjande.

  • Fusa kan tena på å innføra sjølvkostfinansiering av fleire tenester.

  • Auka eigedomsskatt er eit alternativ for å skaffa auka inntekter.

 

Kvalitet og struktur

Det vert òg reist spørsmål ved om Fusa kommune har like stort fokus på det kvalitative innhaldet i tenestetilbodet som ein har på den strukturelle sida av tilbodet.

Sjå heile verksemdsanalysen. (PDF, 7 MB)

Sist endra 23.09.2013
Samfunnsutvikling, økonomi og service
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Opningstid
: 09.00-14.30