Rådmannen sitt budsjettframlegg for 2019

Rådmannen sitt framlegg til handlingsplan for Fusa kommune 2019 (PDF, 3 MB), med årsbudsjett og økonomiplan for komande fireårsperiode, vart presentert for kommunestyret 5.11. No overtek formannskapet stafettpinnen i budsjettprosessen. Formannskapet skal 21.11. koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 13. desember.

I 2019 skal Fusa kommune levera tenester til innbyggjarane for 376 mill. kroner brutto. 

Handlingsplan for Fusa kommune 2019

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  • Kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
  • Økonomiplan 2019-2022 (i tråd med kommunelova § 44)
  • Årsbudsjett 2019 (i tråd med kommunelova § 45)

Rådmannen sitt framlegg byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2018-2021 og statsbudsjettet for 2019. Budsjettframlegget skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2019-2022 og årsbudsjett 2019.

Kva kostar dei kommunale tenestene i 2019?

Framlegg til betalingssatsar, avgifter og gebyr for 2019 ligg òg føre som vedlegg til budsjettframlegget (PDF, 662 kB). Det gjer òg tillegget frå BIR: "Pristabell renovasjonsgebyr for Fusa kommune 2019" (PDF, 530 kB).

Arbeidet med å samordna gebyr og avgifter i Fusa og Os fram mot Bjørnafjorden kommune 2020 er godt i gang. Forslaget til gebyrregulativ for 2019 er ei oppstilling som viser dei ulike gebyrområda for framtidige Bjørnafjorden kommune. Det viser skilnader i struktur (tilbod) og prisnivå i dei to kommunane i dag.

På veg mot Bjørnafjorden kommune

Rådmannen understrekar i si innleiing til budsjettdokumentet at 2019 vert eit spesielt og spennande år, der bygginga av Bjørnafjorden kommune vert den store oppgåva. "Samtidig skal vi framleis levera treffsikre tenester med god kvalitet og effektiv ressursbruk til fusingane - og avvikla Fusa kommune. Dette er hovudfokuset i budsjettet."

Denne trippeloppgåva kjem til å krevja mykje av heile kommuneorganisasjonen. Rådmannen understrekar kor viktig det er at tilsette og politikarar får tid og rom til å vera aktivt med i byggeprosessen. "Både for å sikra at interessene til innbyggjarane på denne sida av fjorden vert ivaretekne, og for å kunna vera med å setja vårt preg på den nye kommunen".

Nye tiltak

Rådmannen har innarbeidd fleire nye tiltak for innbyggjarane i budsjettframlegget. Det gjeld t.d. kommunestyret sine forventningar om folkehelsetiltak for å møta utfodringar for barn og unge, som kom fram i folkehelseoversikta. Auka helsesøsterressurs, fleirbrukshallen som møteplass og aktivitetssenter, utbygging av Jettegryto barnehage, og sikra tilgang til friluftsområde ved å kjøpa moloane på Vinnes og Baldersheim, er nokre av desse tiltaka.

På investeringssida er det elles lagt opp til å styrkja fellesinstitusjonar for innbyggjarane på denne sida av fjorden i det komande kommunedelsenteret, og tiltak innan samfunnssikkerheit og beredskap (flaum- og rassikring) og næringsutvikling.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30