Budsjettarbeidet for 2019

På denne sida kan du følgja budsjettprosessen i Fusa kommune hausten 2018. Her finn du både generell informasjon og viktige dokument som vert nytta i budsjettarbeidet i år. Budsjettet for 2019 er det siste budsjettet for Fusa kommune. Neste haust skal det lagast budsjett for Bjørnafjorden kommune.

Budsjettarbeidet er eit felles ansvar for politikarar og administrasjon. Tillitsvalde og andre medarbeidarar vert òg involverte i prosessen. Det er kommunestyret som vedtek det som skal vera neste års budsjett inkludert betalingssatsar, investeringar og økonomiplan for fire år framover. Sjølv om Fusa vert del av nye Bjørnafjorden kommune frå og med 1. januar 2020, skal vi laga fireårig økonomiplan også i år.   

Vegen til vedtak

  • 29.10: Rådmannen sitt samla framlegg med premissane for økonomiplan 2019-2022 og budsjettet for 2019 vert presentert for politikarane i kommunestyret
  • 13.-14.11: Formannskapet har budsjettkonferanse
  • 21.11: Budsjettmøte i formannskapet, der formannskapet vedtek si tilråding til budsjett for 2019
  • 13.12: Kommunestyret handsamar og vedtek budsjett for 2019 og økonomiplan for 2019-2022 

Viktige dokument: 

Her vert det publisert dokument framover i budsjettprosessen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.08.2018
Budsjett 2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30