Formannskapet sitt budsjettframlegg

Formannskapet har i møtet 22.11.2017 komme med budsjettframlegg for 2018 til Kommunestyret, som behandlar saka den 15.12.2017. Formannskapet sitt framlegg kan du sjå her (PDF, 327 kB). Kutt og andre tiltak som er innarbeidd i framlegget vert utdjupa i vedlegget her (PDF, 119 kB). I vedlegget framkjem også kutt/tiltak som er vurdert, men som formannskapet ikkje har tatt inn i budsjettframlegget sitt.

Formannskapet byggjer på 

Avgiftsbudsjettet er tilrådd slik det framgår ovanfor, men med følgjande tillegg:

Fusa kommune krev inn følgjande tilsynsavgift:

Ei årleg tilsynsavgift frå salsstader for tobakksvarer og tobakkssurrogat til forbrukar på 4500 kroner.
Frå midlertidige salsstader krev kommunen ei årleg tilsynsavgift på 1200 kroner.
Avgifta er heimla i § 24 i tobakkforskrifta.
Tilsynsavgifter for salstader i sak 69/2017 vert innarbeidd i framlegget til avgiftsbudsjettet.

 

Formannskapet hadde budsjettkonferanse/arbeidsmøte om budsjettet 14.-15.11.2017. Etter konferansen vart det utarbeidd eit notat frå rådmannen (PDF, 302 kB). Notatet gjev svar på bestillingar frå Formannskapet etter konferansen og var eit verktøy i arbeidet fram mot formannskapet sitt budsjettframlegg. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 29.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30