Budsjett 2018 - økonomiplan 2018-2019

Fusa kommune skal yta tenester til innbyggjarane for om lag 326 millionar kr i 2018. Her finn du kommunestyret sitt budsjettvedtak, kortversjon av vedteke budsjett og rådmannen sitt arbeidsnotat med framlegg til handlingplan for Fusa kommune 2018-2019.
 
Rådmannen sitt arbeidsnotat inneheld både framlegg til økonomiplan 2018-2019, årsbudsjett 2018 og gebyrregulativ/prisliste på dei kommunale tenestene for 2018. I tillegg inneheld han m.a. rådmannen sine premissar for framlegga. Prisane for dei kommunale tenestene vart vedtekne slik dei framgår av arbeidsnotatet frå rådmannen.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.11.2017
Budsjett 2018
(29.11.2017)

Formannskapet har i møtet 22.11.2017 komme med budsjettframlegg for 2018 til Kommunestyret, som behandlar saka den 15.12.2017. Formannskapet sitt framlegg kan du sjå her (PDF, 327 kB). Kutt og andre tiltak som er innarbeidd i framlegget vert utdjupa i vedlegget her (PDF, 119 kB). I vedlegget framkjem også kutt/tiltak som er vurdert, men som formannskapet ikkje har tatt inn i budsjettframlegget sitt.

(27.11.2017)

Rådmannen i Fusa har i dag 26. oktober lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2018-2021 og årsbudsjett for 2018. No overtek formannskapet stafettpinnen i budsjettprosessen. Formannskapet skal 22. november koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 15. desember. 

 
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30