Budsjett 2017 - økonomiplan 2017-2020

Fusa kommune skal yta tenester til innbyggjarane for om lag 326 millionar kr i 2017. Her finn du kommunestyret sitt budsjettvedtak, kortversjon av vedteke budsjett og rådmannen sitt arbeidsnotat med framlegg til handlingplan for Fusa kommune 2017-2020.

Rådmannen sitt arbeidsnotat inneheld både framlegg til økonomiplan 2017-2020, årsbudsjett 2017 og gebyrregulativ/prisliste på dei kommunale tenestene for 2017. I tillegg inneheld han m.a. rådmannen sine premissar for framlegga. Prisane for dei kommunale tenestene vart vedtekne slik dei framgår av arbeidsnotatet frå rådmannen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.01.2017
Budsjett 2017
(25.11.2016)

Fusa formannskap handsamar budsjettsaka 28.11.2016 kl 09.00 i Kommunetunet. Fusa formannskap sitt framlegg til budsjett for 2017 - med avgiftsbudsjett - og handlingsplan med økonomiplan 2017 - 2020, vert onsdag 30.11.2016 kl 12.00 lagt ut til offentleg ettersyn her på heimesida, og på biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen.

Evt. merknader må vera  motteke i  post@fusa.kommune.no eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast onsdag 14.12.2016 kl 14.00. Kommunestyret handsamar budsjettsaka i møte 15.12.2016. Møtet tek til kl 10.00 og er på Skjelbreid Poirée.

Ordføraren i Fusa

(08.11.2016)

Rådmannen sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2017-2020 og årsbudsjett for 2017 (PDF, 4 MB) er klart. Måndag 14. november kl 17.00 vert det ope informasjonsmøte i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30