ROBEK - register for godkjenning og kontroll

Fusa kommune er mellom kommunane i Hordaland som er omtala i Fylkesmannen si oversikt sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her heiter det at Fusa seinast i 2016 må dekkja inn meirforbruket i 2014 på kr 1,4 mill for at kommunen skal unngå å bli registrert på ROBEK-lista.

Kva er ROBEK?

  • ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.
  • Dei som står på den såkalla "ROBEK-lista", må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å kunna fatta gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.
  • Det skal òg kontrollerast at budsjettvedtaka er lovlege.

Før dei nye reglane i kommunelova tredde i kraft i 2001, måtte alle kommunar og fylkeskommunar ha ei slik godkjenning frå departementet. Med dei nye reglane vart godkjenningsordninga avgrensa til å omfatta kommunar og fylkeskommunar med økonomisk ubalanse. 

Kommunelova § 60 (§ 59 a) nr 1 vert det definert kva økonomisk ubalanse inneber. 

Fusa-varsel

I Fylkesmannen i Hordaland sitt brev med dei nyaste opplysningane til registeret for godkjenning og kontroll vert Fusa omtala slik:

"Kommunen hadde eit meirforbruk i 2014 med kr 1,4 mill. Dette meirforbruket må bli dekt inn seinast i 2016 for at kommunen skal unngå å bli registrert".

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30