Formannskapet si tilråding til kommunestyret

Formannskapet hadde møte 25. november 2015. Der vedtok dei si tilråding til budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-2019 med fem mot fire røyster. 

Magne Djuvik (Frp) fremja felles forslag på vegner av Ap, Frp og Krf. Svein Lang (Sp) og Margunn Y. Samnøy (Sp) fremja felles forslag på vegner av Sp og H - sjå "Budsjetthandsaming" under snarvegar nedanfor.

Forslaget frå Djuvik vart tilrådd med fem (Ap, Frp, Krf) mot fire (Sp, H) røyster. Pkt I, II og III i framlegga vart samrøystes tilrådd.

Endringar i høve til budsjettnotatet frå rådmannen 

Tilrådinga frå formannskapet finn du under snarvegar nedanfor. I høve til budsjettnotatet frå rådmannen er det innarbeidd nokre endringar (jf. tiltakslista på s. 29 i budsjettnotatet) som inneber at følgjande føreslåtte innsparingstiltak ikkje vert tilrådd:

  • Fritidsklubben: kr 56 000 (punkt 4B) 
  • Dagsenter for eldre: kr 280 000 (punkt 4E) 
  • Dagsenter psykisk helse: kr 61 000 (punkt 4F) 
  • Transport julegudsteneste: kr 40 000 (punkt 6A)

I tillegg tilrår formannskapsfleirtalet å auka overføringa til Frivilligsentralen med kr 40 000. Det gjev ein samla auke i driftskostnader på kr 477 000.

Formannskapsfleirtalet føreslår følgjande inndekning:

  • Auka eigedomsskatt som følgje av nybygg: kr 280 000
  • Reduserte rentekostnader: kr 197 000

I tilrådinga frå formannskapsfleirtalet heiter det vidare:

  • Kommunestyret ber rådmannen om ei sak vedrørande innkjøp.
  • Kommunestyret har ei målsetting om å redusera sjukefråværet i Fusa kommune til 7 %
  • Kommunestyret ber rådmannen koma med ei eigedomsmelding til første møterunde 2016 der ein drøftar eigarstrukturen til Fusa kommune.

Kommunestyret skal handsama budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 i møte 17. desember. 

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30