Budsjettarbeidet for 2016

På denne sida kan du følgja budsjettprosessen i Fusa kommune hausten 2015. Her finn du både generell informasjon og viktige dokument som vert nytta i budsjettarbeidet i år. 

Budsjettarbeidet er eit felles ansvar for politikarar og administrasjon. Tillitsvalde og andre medarbeidarar vert òg involverte i prosessen. Det er kommunestyret som vedtek det som skal vera neste års budsjett inkludert betalingssatsar, investeringar og økonomiplan for 4 år framover.

Vegen til vedtak

  • 10.11: Rådmannen sitt samla framlegg med premissane for økonomiplan 2016-2019 og budsjettet for 2016 vert levert til politikarane
  • 18.11: Budsjettkonferanse formannskapet
  • 25.11: Budsjettmøte i formannskapet, der formannskapet vedtek si tilråding til budsjett for 2016
  • 17.12: Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 skal handsamast og vedtakast i kommunestyret 

 

Viktige dokument:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30