Budsjett 2016 - økonomiplan 2016-2019

Fusa kommune skal yta tenester til innbyggjarane for om lag 292 mill kroner i 2016. Her finn du kommunestyret sitt budsjettvedtak og rådmannen sitt arbeidsnotat: Handlingsplan for Fusa kommune 2016-2019.

Handlingsplanen inneheld både forslag til økonomiplan 2016-2019, årsbudsjett 2016 og gebyrregulativ/ prisliste på dei kommunale tenestene for 2016. I tillegg inneheld han einingane sine utviklingsmål for 2016-2019 og resultatmål for 2016, og rådmannen sine premissar for forslaga.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.02.2016
Budsjett 2016
(01.12.2015)

Formannskapet hadde møte 25. november 2015. Der vedtok dei si tilråding til budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-2019 med fem mot fire røyster. 

(13.11.2015)

Formannskapet har budsjettkonferanse onsdag 18.11.2015 kl 09.00. Dette er eit heildagsmøte. Det finn stad på Tønnegarden og er ope for alle interesserte.

(09.11.2015)

Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2016-2019 og årsbudsjett for 2016 (PDF, 3 MB). Torsdag 12.11. kl 16 vert det orienteringsmøte for kommunestyret i Kommunetunet. Møtet er ope for alle interesserte.  

(22.09.2015)

Det vert ekstramøte i formannskapet tysdag 22. september kl 16.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. På saklista står informasjon og drøftingar knytt til budsjettprosessen for 2016 og arbeidet med økonomiplan 2016-2019. Sjå møteinnkallinga. (PDF, 19 kB)

(26.08.2015)

Fusa kommune er mellom kommunane i Hordaland som er omtala i Fylkesmannen si oversikt sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her heiter det at Fusa seinast i 2016 må dekkja inn meirforbruket i 2014 på kr 1,4 mill for at kommunen skal unngå å bli registrert på ROBEK-lista.

(24.08.2015)

På denne sida kan du følgja budsjettprosessen i Fusa kommune hausten 2015. Her finn du både generell informasjon og viktige dokument som vert nytta i budsjettarbeidet i år. 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30