Budsjett 2015 - økonomiplan 2015-2018

Fusa kommune skal yta tenester til innbyggjarane for om lag 288 mill kroner i 2015. Her finn du kommunestyret sitt budsjettvedtak, protokoll frå handsaminga i kommunestyret 18.12.2014 og rådmannen sitt arbeidsnotat: Handlingsplan for Fusa kommune 2015-2018.

Handlingsplanen inneheld både forslag til økonomiplan 2015-2018, årsbudsjett 2015 og gebyrregulativ for 2015. I tillegg inneheld han einingane sine utviklingsmål for 2015-2018 og resultatmål for 2015 og rådmannen sine premissar.
 
Snarvegar:
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.01.2015
Budsjett 2015
(03.12.2014)

Formannskapet hadde møte 26.11.2014 og vedtok si tilråding til budsjett for 2015 og handlingsplan med økonomiplan for 2015-2018 (PDF, 335 kB). Budsjettframlegget omfattar også avgiftsbudsjett for 2015. Alternative budsjettframlegg frå mindretalet og heile behandlinga i formannskapet kan du lesa her (PDF, 591 kB).

(02.12.2014)

Fusa formannskap sitt framlegg til budsjett for 2015   - med avgiftsbudsjett - og handlingsplan med økonomiplan 2015  - 2018 , vert  onsdag  03.12.14  lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida www.fusa.kommune.no,  og på biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen.

(26.11.2014)

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) hadde møte 21.11.2014. Der gjekk dei gjennom arbeidsnotatet frå rådmannen med Handlingsplan for Fusa kommune med budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. AMU vedtok denne uttalen (PDF, 63 kB) 

(24.11.2014)

Ordførar Hans S. Vindenes og rådmann Berit Fløisand møtte 18.11.2014 seniorrådgjevar Håvard Rød frå Fylkesmannen for å drøfta to framlegg frå formannskapet til tiltak for å få budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 i hamn. Sjå svara frå Fylkesmannen (PDF, 352 kB) og to alternative økonomiplanar (PDF, 556 kB).

(19.11.2014)

Formannskapet skal drøfta budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018 og koma med si tilråding i møtet 26.11. kl 13.  

(05.11.2014)

Rådmannen har lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2015-2018 og årsbudsjett for 2015 (PDF, 6 MB). Måndag 10.11. vert det orientering for kommunestyret. Formannskapet skal 26.11. koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 18.12. 

(03.11.2014)

Måndag 10.11.2014 kl 18.00 i Kommunetunet vert det orientering til kommunestyret om budsjettnotatet for 2015 og økonomiplan 2015-2018 ved rådmannen.

Orienteringa er open for alle som ønskjer å vera til stades. Dette er eit tilbod til politikarane, og det er ikkje møteplikt.

(24.10.2014)

Formannskapet hadde ekstramøte 22.10.2014 for å drøfta arbeidet med budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. Dei slutta seg til det førebelse innsparingsframlegget frå rådmannen på ca kr 7 mill. Og dei kom med forslag til nye moglege innsparingar, som er sendt over til rådmannen for konsekvensvurdering. Sjå vedtak (PDF, 10 kB).

(22.09.2014)

Formannskapet hadde ekstramøte 19.09.2014 for å drøfta arbeidet med budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. Dei vedtok føringar for det vidare arbeidet (PDF, 193 kB).

(16.09.2014)

Formannskapet er i gang med budsjettarbeidet for 2015 og arbeidet med økonomiplan for 2015-2018. Fredag 19.09. kl 11 vert det ekstramøte i Kommunetunet i Eikelandsosen. Der skal formannskapet koma fram til føringar for det vidare budsjettarbeidet. Møtet er ope for alle interesserte.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30