Tenesteytaren Fusa kommune 2013

Korleis er nivået på dei kommunale tenestene i Fusa? Kommunebarometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane utarbeidd av Kommunal Rapport. Det er i hovudsak basert på KOSTRA-tal for året før. Fusa er rangert på 38. plass i landet og 2. plass i Hordaland i 2013, og vi kan visa fram ei god "karakterbok".

Kommunebarometerrapporten for Fusa 2013 (PDF, 537 kB)syner at det særleg er sektorane pleie og omsorg, sosialhjelp og barnevern som plasserer Fusa høgt på kommunebarometeret, medan økonomi og "enhetskostnader" trekkjer ein del den.

Det er viktig å hugsa på at årets barometer er basert på dei innrapporterte KOSTRA-tala frå i fjor, og at det såleis ikkje seier noko om verknaden av dei omfattande innsparingane i Fusa kommune i 2013.

 

Rangering og korrigering

Det er verd å merka seg at Kommunebarometeret er ei rangering, ikkje ei vurdering av om tenesta er god nok eller ikkje. Det kan fungera som ein rettleiar for politikarar og administrasjon til kva område det kan vera verd å konsentrera seg om. Der Fusa har gode tal, er det verd å spørja seg kva vi her gjer bra, som andre kan læra av. Der tala er dårlege, bør kommunen sjå på om det kan vera noko å henta ved endringar på området.

Dei ulike sektorane i Fusa kommune sine plasseringar nasjonalt, i Hordaland og i kommunegruppe 1. - Klikk for stort bileteDei ulike sektorane i Fusa kommune sine plasseringar nasjonalt, i Hordaland og i kommunegruppe 1.

Karakterar

I tillegg til plassrangering i høve til andre kommunar, vert det gitt karakterar for dei ulike sektorane og for ulike felt innan kvar sektor. 1 = dårlegast og denne karakteren vert gitt til dei 5 prosenta av kommunane som har lågast verdi på nøkkeltalet. 6 = beste karakter. Den vert gitt til dei 5 prosenta av kommunane som har best verdi på nøkkeltalet. Karakterane imellom er gitt ut frå kor nær dei er dei beste.

Karakteren gjev uttrykk for kor god prestasjonen er - ikkje berre kvar på resultatlista kommunen ligg. Fusa får mellom 5 og 6 - altså toppkarakter - på pleie og omsorg, barnevern og sosialhjelp.

Samlekarakter for kvar sektor i Fusa kommune. - Klikk for stort bileteSamlekarakter for kvar sektor i Fusa kommune.

 

 

Kva seier Kommunebarometeret ikkje noko om?

Kommunane har fleire rollar: Dei skal vera både tenestetilbydar, arbeidsgjevar, samfunnsutviklar og demokratiutviklar. Kommunebarometeret seier først og fremst noko om tenesteytaren. Fusa har auka folketal som overordna mål. Det har vist seg gjennom fleire tiår med satsing på ulike distriktspolitiske verkemiddel her til lands, at det ikkje er nokon automatikk i at gode kommunale tenester gjer ein stad attraktiv som bukommune.

Ser vi på topp 10-lista på kommunebarometeret for Hordaland, kan vi slå fast at folketalet har gått ned i fem og auka i fem av dei beste kommunane i løpet av første halvår 2013.

Dei 15 kommunane på topp i Hordaland 2013 - Klikk for stort bileteDei 15 kommunane på topp i Hordaland 2013

 

 

Sjå heile Kommunebarometerrapporten for Fusa 2013 (PDF, 537 kB).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30