Statsbudsjettet for 2014

Avtroppande regjering la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2014 10. oktober. Der er det lagt opp til meir pengar til kommunesektoren., men også fleire føringar for bruken av pengane.

 

Veksten i dei frie inntektene - inntekter som kommunar og fylkeskommunar sjølve kan prioritera - er på 5,2 mrd. kroner. Det tilsvarar omlag utgiftsveksten søm følgje av endringar i folkesetnaden, pensjonar m.m. 

Øyremerka tilskot

I tillegg kjem ei rekkje øyremerka inntekter knytt til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta, etterutdanning av deltids brannpersonell, valfag i ungdomsskulen, opptrapping til to barnehageopptak i året, heildøgns omsorgsplassar.

Innstramming

Det vert stramma inn på ordninga med øyremerka tilskot til ressurskrevjande tenester for tenestemottakarar under 67 år.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30