Rådmannen sitt budsjettframlegg er klart

Rådmannen har i dag 6. november lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2014-2017 og årsbudsjett for 2014 (PDF, 7 MB). No overtek formannskapet stafettpinnen i budsjettprosessen. Dei skal 26. november koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 17. desember. 

 

Handlingsplan for Fusa kommune

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal fylla fleire funksjonar og innheld difor tre hovuddelar:

  1. kommuneplanen sin handlingsdel (i tråd med plan- og bygningslova § 11-1)
  2. økonomiplan 2014-2017 (i tråd med kommunelova § 44)
  3. årsbudsjett 2014 (i tråd med kommunelova § 45)

Notatet byggjer på samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken økonomiplan 2013-2016 og statsbudsjettet for 2014. Arbeidet med det er forankra i politiske føringar - frå kommunestyret i K-sak 035/13, frå formannskapet sin budsjettkonferanse 16.-17.09.2013 og formannskapsmøte 22.10.2013.

Arbeidsnotatet frå rådmannen skal gje grunnlag for formannskapet sitt framlegg til vedtak både når det gjeld handlingsdel med økonomiplan 2014-2017 og årsbudsjett 2014.

Saldert 2014-budsjett

Fusa kommune skal i 2014 levera tenester til innbyggjarane for ca 274 mill kroner (bruttotal).

I 2013 kutta Fusa kommune driftsutgiftene med nærare 11 mill kroner. Rådmannen har no framskive ramma for 2013 til 2014, korrigert for auke i ressurskrevjande tenester på nokre einingar, og lagt til grunn investeringar slik det går fram av arbeidsnotatet.

Årsbudsjettet for 2014 er i rådmannen sitt framlegg saldert ved hjelp av disposisjonsfond driftsføremål og nokre konkrete framlegg til kutt i rammene:

  • avvikling av stillinga som folkehelsekoordinator
  • effektivisering i barnehagesektoren, m.a. unngå løpande opptak/ledige plassar/overbemanning i periodar
  • effektivisering innan undervisningssektoren
  • avgiftsauke innan teknisk sektor

Rådmannen har - på bakgrunn av politiske vedtak - ikkje føreslått verken strukturendringar eller auke i eigedomsskatten, men peikar på at dette er alternative måtar å saldera budsjettet på.

Økonomiplanen ikkje saldert

Kommunestyret har bestilt ein ekstern gjennomgang av drifta i Fusa kommune (K-sak 035/13), der det skal vurderast:

  • kva reduksjonar som kan gjennomførast utan at det betyr redusert kvalitet på tenestene
  • kva som er lurt å gjera/ikkje gjera for å nå målet om auke i folketalet
  • forslag til reduksjonar på minst 15 mill med konsekvensvurdering

Difor er resten av økonomiplanperioden ikkje saldert, i påvente av konklusjonar som må koma etter denne eksterne gjennomgangen av drifta.

Investeringar

Fusa kommune nyttar i dag alle frie inntekter til fortløpande drift og lånekostnader (avdrag/ renter). I framlegget til investeringsprogram for økonomiplanperioden 2014-2017 er det difor berre funne rom for tiltak som er heilt nødvendige for å ivareta effektiv drift, innfri lovkrav/pålegg og sluttføra kontraktfesta prosjekt/tiltak. 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30