Budsjett 2014 - økonomiplan 2014-2017

Fusa kommune skal yta tenester til innbyggjarane for om lag 274 mill kroner i 2014. Her finn du handlingsplanen for Fusa kommune 2014-2017, slik kommunestyret vedtok han 17.12.2013, og protokoll frå handsaminga i kommunestyret.

Handlingsplanen inneheld både økonomiplan 2014-2017, årsbudsjett 2014, gebyrregulativ for 2014, einingane sine utviklingsmål for 2014-2017 og resultatmål for 2014 i tillegg til rådmannen sine premissar.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.02.2014
Budsjett 2014
(29.11.2013)

Her finn du formannskapet si tilråding til budsjett med handlingsplan med økonomiplan 2014 - 2017 (PDF, 2 MB) og  avgiftsbudsjett (PDF, 2 MB)

Saka vert handsama i Fusa kommunestyre tysdag 17.12.13. Evt. merknader må vera motteke i postkasse@fusa.kommune eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast kl  12.00 måndag 16.12.13. 

(26.11.2013)

Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne handsama rådmannen sitt framlegg til Handlingsplan for Fusa kommune med budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 i møte 25.11. Rådet kom med denne uttalen (PDF, 333 kB) i budsjettsaka.

(25.11.2013)

I veke 48 er det politisk møterunde, der m.a. handlingsplanen for Fusa kommune med budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 (PDF, 7 MB) står på sakskartet. Møta finn stad i Kommunetunet og er opne for alle. 

(25.11.2013)

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) hadde handlingsplanen for Fusa kommune med budsjett 2014 og økonomiplan 2014-2017 som sak i sitt møte 15.11.2013. Dei kom med denne uttalen (PDF, 56 kB).

(11.11.2013)

Måndag 11. november kl 18 er det orientering for kommunestyret om rådmannen sitt arbeidsnotat. Rådmannen går gjennom sitt framlegg til budsjett for 2014 og økonomiplan for 2014-2017. Møtet finn stad i Kommunetunet og er ope for alle interesserte.

(06.11.2013)

Rådmannen har i dag 6. november lagt fram sitt arbeidsnotat med framlegg til økonomiplan for 2014-2017 og årsbudsjett for 2014 (PDF, 7 MB). No overtek formannskapet stafettpinnen i budsjettprosessen. Dei skal 26. november koma med si tilråding til kommunestyret, som fattar endeleg vedtak 17. desember. 

 

(27.10.2013)

Avtroppande regjering la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2014 10. oktober. Der er det lagt opp til meir pengar til kommunesektoren., men også fleire føringar for bruken av pengane.

 

(27.10.2013)

Fusa kommune skal spara inn nesten 11 millionar kroner på drifta i 2013. Sjå tabell over vedtekne innsparingar (PDF, 148 kB). Arbeidet med budsjettet for 2014 og økonomiplan for perioden 2014-2017 starta med gjennomgang av satus og konsekvensar av innsparingane.  

(24.09.2013)

Årsmeldinga gjev oversyn over korleis Fusa kommune har brukt ressursane sine i året som gjekk. Årsmeldinga for 2012 (PDF, 8 MB) fortel at Fusa kommune i fjor leverte tenester til brukarane for ca 280 mill kroner brutto.

Kommunebarometerplasseringar pr sektor 2013
(23.09.2013)

Korleis er nivået på dei kommunale tenestene i Fusa? Kommunebarometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane utarbeidd av Kommunal Rapport. Det er i hovudsak basert på KOSTRA-tal for året før. Fusa er rangert på 38. plass i landet og 2. plass i Hordaland i 2013, og vi kan visa fram ei god "karakterbok".

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30