(04.01.2013)

Budsjettarbeidet er ein lang prosess som starta allereie før sommarferien med formannskapet si bestilling til administrasjonen 19. juni 2012 om framlegg til innsparingar på alle tenesteområde. Dette arbeidet er eit felles ansvar for politikarar og administrasjon, men det er politikarane i kommunestyret som vedtek det som skal vera neste års budsjett inkludert betalingssatsar, investeringar og økonomiplan for 4 år framover.

(04.01.2013)

I sommar fekk vi KS-Konsulent AS til å utarbeida ein eigen "Virksomhetsanalyse for Fusa kommune - en analyse av kommunens ressursbruk" basert på dei sist oppdaterte KOSTRA-tala og kommentarar frå einingane våre.

(04.01.2013)

Korleis er kvaliteten på tenestene i Fusa kommune? Kommunebarometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane utarbeidd av Kommunal Rapport, basert på KOSTRA-tal. Fusa er rangert på 16. plass i landet og 1. plass i Hordaland i 2012, og vi kan visa fram ei svært god "karakterbok".

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30