Budsjett og økonomiplan

På denne sida finn du generell informasjon om budsjettprosessen i Fusa kommune. På undersidene finn du informasjon og viktige dokument som vert nytta i budsjettarbeidet gjeldande år. 

Kommunebudsjettet har noko å seia for alle innbyggjarane i Fusa! 

Kva betyr budsjettet for meg?

I årsbudsjettet vert prisen på kommunale tenester og kommunale avgifter vedteken.

Samtidig vedtek kommunestyret driftsbudsjettet for alle kommunale tenesteområde som barnehage, skule, eldeomsorg, kultur, helse, tekniske tenester, landbruk osb.

Vegen til vedtak

Budsjettet gjeld for eitt år, medan økonomiplanen gjeld for 4 år. Økonomiplanen er handlingsplanen til kommuneplanen. Den vert rullert kvar haust. Arbeidet med årsbudsjett og rullering av økonomiplan går føre seg samtidig. 

September:

  • Budsjettmøte i administrativ leiargruppe og i formannskapet.
  • Formannskapet kjem med føringar for budsjettarbeidet.
  • Administrasjonen arbeider med budsjett/økonomiplan.

Oktober:

  • Einingar og ansvarsområde leverer sine budsjettframlegg.
  • Rådmannen utarbeider samla budsjettframlegg.
  • Statsbudsjettet vert lagt fram - og det vert evt. gjort justeringar i Fusa-budsjettet.

November:

  • Rådmannen overleverer sitt budsjettframlegg til formannskapet i starten av månaden.
  • Formannskapet arbeider med budsjett/økonomiplan og kjem med sitt budsjettframlegg i slutten av månaden.

Desember:

  • Budsjettmøte i kommunestyret, der neste års budsjett og økonomiplan/handlingsplan for dei neste 4 åra vert vedteke.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.08.2016
Samfunnsutvikling, økonomi og service
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Opningstid
: 09.00-14.30