Velkommen til folkemøte om arealplanen!

Tidleg i desember vert det arrangert tre folkemøte rundtom i kommunen med informasjon om arealplanarbeidet: 2., 5. og 9.12. Her vert det både gitt rettleiing i korleis ein skal koma med innspel og informert om planarbeidet. Både ordførar, leiar i planutvalet og arealplanleggjar vert med på møta. Alle interesserte er velkomne!

Tid og stad:

  • Måndag 2.12. kl 17.30-20: Bruvang på Baldersheim
  • Torsdag 5.12. kl 17.30-20: Nesjaheimen på Vinnes
  • Måndag 9.12. kl 17.30-20: Kommunetunet i Eikelandsosen

Program:

17.30: Velkommen!
18.00: Presentasjon av planprogram
18.40: Presentasjon av funksjonell strandsone
19.00: Beinstrekk
19.15: Presentasjon av skjema for innspel, rettleiing
19.50: Avslutning
20.00: Slutt

Det vert servert kaffi og noko å bita i. Velkommen!
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30