Kommunedelplanen for akvakultur består av planomtale, plankart og føresegner, og i tillegg konsekvensutgreiing med risiko og sårbarheitsanalyse (KU og ROS). Denne planen erstattar sjødelen i eksisterande arealplan.
Felles kart i haust
Føresegner og plankart for dei to planane vert slått saman og lagt ut i digital kartløysing på fonnakart.no hausten 2019. Planomtalane for den opphavlege arealplanen og den nye akvakulturplanen vert ståande kvar for seg.
Begge planane er tilgjengelege på heimesida til Fusa kommune under Lokaldemokrati > Arealplan.
Ingen motsegner mot akvakulturplanen
Då kommunestyret fatta vedtaket sitt i juni, var samordna uttale frå Fylkesmannen enno ikkje kome inn, og Forsvarsbygg hadde enno ikkje trekt si motsegn formelt. Vedtaket i kommunestyret tok omsyn til dette og lyder difor slik:
"Fusa kommune godkjenner kommunedelplan (KDP) for akvakultur for Fusa kommune 2019–27. Det vert stilt to vilkår ved vedtaket:
1. at Fylkesmannen i Vestland ikkje legg fram motsegn eller ønskje om vesentlege endringar og tillegg til planen i sin samordna uttale.
2. at Forsvarsbygg trekkjer si motsegn til planen slik den no er lagt fram.
Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova (pbl) §§11-1, 11-5, 11-6, 11-7, 11-8, 11-9, 11-10 og 11-11 – samt §11-15."
Fusa kommune hadde god dialog med desse to partane undervegs, og valde å formulera vedtaket med vilkår. Samordna uttale frå Fylkesmannen vart motteke utan motsegn eller ønske om endringar, og motsegn frå Forsvarsbygg vart formelt trekt før vedtaket vart fatta. Det vart vist til dokumenta i møtet, og dei ligg som vedlegg i kunngjeringa.
Takk for godt samarbeid
Fusa kommune vil takka for god dialog og mykje godt samarbeid undervegs i prosessen, og vi håper at planen vil visa seg å vera eit godt verktøy i forvaltinga dei komande åra.
Har du spørsmål til sjødelen av arealplanen?
Ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Helle Holte Bruland:
-
e-post: Helle.H.Bruland@fusa.kommune.no
-
mobiltelefon: 416 17 873
Plandokument, kart og vedlegg
-
Plankart 15.05.2019 (PDF, 6 MB)
-
Planomtale 20.05.2019 (PDF, 4 MB)
-
Føresegner og retningsliner 20.05.2019 (endringar i raudt) (PDF, 200 kB)
-
K-sak 033/2019: Godkjenning av KDP akvakultur for Fusa kommune 2019-2027 (PDF, 208 kB)
-
Temakart - oversikt endring etter høyring (PDF, 3 MB)
-
Merknadsskjema - oversikt over endringar etter høyring (PDF, 588 kB)
-
Fråsegn frå Fylkesmannen i Vestland (PDF, 155 kB)
-
Trekking av motsegn frå Kystverket (PDF, 163 kB)
-
Uttale frå Kystverket m/motsegn (PDF, 3 MB)
-
Uttale frå Forsvarsbygg m/motsegn (PDF, 168 kB)
-
Uttale frå Fiskeridirektoratet (PDF, 501 kB)
-
Uttale frå Hordaland fylkeskommune (PDF, 2 MB)
-
Uttale frå Fiskarlaget vest (PDF, 655 kB)
-
Uttale frå NVE (PDF, 284 kB)
-
Uttale frå Bolaks (PDF, 3 MB)
-
Uttale frå Bolaks - vedlegg 1: GPS-posisjonar Altaneset Lok. nr. 13227 (PDF, 885 kB)
-
Uttale frå Bolaks - vedlegg 2: Miljø, forundersøkelser Samnangerfjorden (PDF, 5 MB)
-
Uttale frå Baldersheim Bygdelag (PDF, 492 kB)
-
Uttale frå Kjellaug og Sigfred Arne Johansen (PDF, 423 kB)
-
Uttale frå Håkon H. Sundfjord (PDF, 388 kB)
-
Uttale frå Håkon H Sundfjord - vedlegg (JPG, 785 kB)
-
Uttale frå Torbjørn Rusås v/Skogsbilveglaget Revnestølvegen SA (PDF, 115 kB)
-
Uttale frå Torbjørn Rusås - Kartvedlegg (PDF, 962 kB)
-
Uttale frå Statens Vegvesen (PDF, 46 kB)
-
Uttale frå Samnanger kommune (PDF, 121 kB)
-
Habilitetsvurdering (PDF, 359 kB)
-
Konsekvensutgreiing, Risiko- og sårbarheitsanalyse (KU og ROS) 06.12.2018 (PDF, 5 MB)
-
Merknadsskjema - Innspel til arealbruk etter oppstart planarbeid (PDF, 588 kB)
-
Planprogram for kommunedelplan for akvakultur 08.09.2017 (PDF, 421 kB)