Regional kystsoneplan er lagt ut på høyring

Det er utarbeidd høyringsforslag til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger, og planen er lagt ut på høyring etter vedtak i Hordaland fylkesutval. Høyringsfristen er 1. oktober. Planområdet omfattar sjøareal og strandsone i 11 kommunar inkl. Fusa.

Innhald og føremål

Planen er utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova § 8-2 og inneheld planomtale med mål, retningsliner og handlingsprogram; plankart; konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Kystsoneplanen skal leggjast til grunn for verksemda til regionale organ og for kommunal og regional planlegging i regionen.

Føremålet med planen er at kystsona i planområdet skal nyttast i balanse mellom bruk og vern av areal- og naturressursar og medverka til ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling til beste for innbyggjarane og miljøet. 

Plantema

Kystsoneplanen har fire plantema:

  • Berekraftig kystsoneplanlegging
  • Akvakultur
  • Sjøtransport og maritim næring
  • Strandsona

Høyring til 1. oktober

Fylkesutvalet vedtok 19.05.2015 å senda forslaget til regional kystsoneplan på høyring og leggja han ut til offentleg ettersyn. Høyringsperioden er sett til 22. mai til 1. oktober 2015.

I høyringsvedtaket heiter det at Fylkesutvalet er kjend med at det parallelt med denne fylkeskommunale planen òg vert arbeidd med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Fylkesutvalet understrekar at det er viktig med ei samordning og harmonisering av dei ulike krava og retningslinene mellom desse to planane.

Fylkesutvalet ber høyringsorgana spesielt om å koma med sine merknader til dei framlagde forslaga til retningsliner innanfor dei ulike temaområda.

Informasjonsmøte

Hordaland fylkeskommune inviterer alle interesserte til informasjonsmøte om planen tysdag 25. august kl 12.30-15.00 på Stord hotell, Leirvik.

For meir informasjon om planforslaget, planarbeidet og høyringa sjå fylkeskommunen si heimeside.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30