Planprogrammet ut på høyring

Kommunestyret vedtok i møte 7. mai samrøystes å senda planprogrammet (PDF, 866 kB) ut på høyring i medhald av PBL § 11-13. Høyringsfristen er sett til 15. juli.

Administrasjonen fekk mandat til å gå gjennom og kvalitetssikra følgjande punkt før planprogrammet vert sendt til høyring:

  • kven som skal stå som høyringsinstansar
  • kva lover/planar som er relevante og såleis skal førast på lista over "Føringar for planarbeidet"
  • sikra at universell utforming vert ein premiss i planprogrammet som heilskap 

Dette er no gjort, og det endelege forslaget til planprogram er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn her på heimesida (PDF, 866 kB), og i papirform i ekspedisjonen i Kommunetunet. 

Lovpremissar

Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne etterlyste universell utforming som gjennomgåande tema i planarbeidet.

Universell utforming er ein av dei lovfesta premissane som skal takast omsyn til ved all planlegging, saman med folkehelse, barn og unge, klimautfordringar, risiko og sårbarheit/samfunnstryggleik og estetikk. Det er såleis ikkje eit eige tema i planprogrammet, men noko det skal takast omsyn til innanfor alle plantema. Dette er no presisert i forslaget til planprogram.

Innspel

I denne høyringsperioden er det høve til å koma med innspel til sjølve planprogrammet, dvs. framdrift, organisering og plantema. Innspel til konkret arealbruk må koma etter at planprogrammet er endeleg vedteke hausten 2013.

Høyringsuttalar skal sendast skriftleg til postkasse@fusa.kommune.no eller til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30