Planprogrammet til endeleg godkjenning

Utval for plan og miljø (UPM) har i to ekstra arbeidsmøte gått gjennom innspela som kom inn i høyringsrunden og innarbeidd desse i planprogrammet. På siste ordinære møte 26.09. vedtok eit samrøystes UPM å leggja planprogrammet fram for kommunestyret til endeleg godkjenning. I tillegg er det laga retningsliner for innspel til arealbruk.

Kommunestyret skal handsama det omarbeidde planprogrammet i sitt møte 15. oktober.  

Innspel

Det kom innspel til planprogrammet frå 12 høyringsinstansar: Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Statens vegvesen, Fiskeridirektoratet region vest, Kystverket vest, Direktoratet for mineralforvaltning, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), BIR, Midthordland Skogeigarlag, Fusa utviklingsselskap, Fusa næringslivslag og Strandvik bygdeutval.

Retningsliner for arealinnspel

I tråd med m.a. tilrådingar frå Hordaland fylkeskommune har administrasjonen og UPM i samarbeid laga retningsliner for innspel til arealbruk i Fusa kommune. Retningslinene byggjer på konkretiseringane under kvart tema i planprogrammet, som igjen har sitt utgangspunkt i samfunnsdelen av kommuneplanen og innspel frå høyringsinstansane.

Retningslinene følgjer med planprogrammet til handsaminga i kommunestyret.

Skjema

Det vert òg utarbeidd eit skjema for innlevering av innspel. Dette skal vera ei hjelp både til dei som vil fremja tiltak, og dei som skal handsama desse arealinnspela.

Innspelsskjemaet vert lagt ut på heimesida etter at kommunestyret har handsama planprogrammet.

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30