Planprogrammet i Regionalt planforum

18. juni skal Fusa kommune sitt planprogram for arealdelen av kommuneplanen drøftast i Regionalt planforum. Både ordførar Hans Vindenes, leiar Anne Martinsen frå Utval for plan og miljø og nestleiar Gustav Folkestad stiller saman med folk frå administrasjonen. 

Informasjon og drøfting

Regionalt Planforum er ein møtestad der kommunar og andre forvaltingsorgan kan drøfta planar som er under arbeid. Det er forankra i plan- og bygningslova (§ 5-3). Målet er gjensidig informasjon, drøfting og avklaring av planspørsmål og sektorinteresser mellom kommunar, fylke og sektormynde tidleg i planprosessane.

Hordaland fylkeskommune er sekretariat for Regionalt planforum

Regionale instansar

Frå kommunane er det vanleg at politikarar møter saman med administrasjonen. Sektororgan som gjev fråsegn til planar har høve til å møta i planforum. Desse reigonale instansane er deltakarar i planforum:

  • Fylkesmannen i Hordaland
  • Fiskeridirektoratet, Region Vest
  • Statens Vegvesen, Region Vest
  • Kystverket Vest
  • Jernbaneverket, Region Vest
  • Avinor
  • Mattilsynet
  • Bjørgvin Bispedømme
  • Statsbygg Vest
  • Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE), Region Vest
  • Forsvarbygg
  • Bergvesenet
  • Hordaland fylkeskommune (samferdselsavdelinga, kultur- og idrettsavdelinga, regionalavdelinga)
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30