Konsekvensutgreiinga er ferdig

Konsulentfirmaet Asplan Viak har avslutta sitt arbeid med å konsekvensutgreia om lag 100 innspel, som UPM i juni 2014 valde å ta med vidare i planprosessen. I dag 19. februar får Utval for plan og miljø (UPM) ei orientering om resultatet av dette arbeidet og den vidare framdrifta.

Konsekvensutgreiinga (KU) har teke noko lenger tid enn planlagd, men er altså no avslutta. Ei konsekvensutgreiing er ei kartlegging av kva konsekvensar endra arealbruk får for miljø og samfunn. Det er utarbeidd KU og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) av alle føreslåtte potensielle nye byggeområde i Fusa. Dette omfattar bustader, fritidsbustader, nærings- og industriareal, naustområde og sentrumsområde.  
 
På bakgrunn av resultata i KU og ROS vert det på nytt ei prioritering av kva som skal inn i det endelege plankartet. UPM skal gå gjennom tilrådingane på eit arbeidsmøte 3. mars. 
 
Arbeidet med å laga planomtale, føresegner og retningslinjer er òg i gang. Dette vert òg tema på arbeidsmøtet 3. mars.
 
Ny framdriftsplan
 

Pga av forseinkingane i KU- og ROS-arbeidet, er framdrifta for resten av planprosessen forskyvd.

  • 23. april skal UPM handsama planframlegget (kart, føresegner, retningslinjer og planomtale)
  • 7. mai er det Kommunestyret sin tur til å handsama planframlegget før det vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
  • Målet er å leggja arealplanen ut på høyring i mai-juni 2015. Høyringsfristen skal vera minimum seks veker.
  • Administrativ handsaming av evt. høyringsuttalar.
  • Eigengodkjenning av kommunestyret 15. oktober.

Det sitjande kommunestyret har som mål å vedta arealplanen i sitt siste møte hausten 2015. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30