Interkommunal strandsoneplan på høyring

Forslag til fellesrapport for Interkommunal stransoneplan for Sunnhordland og Fusa vert med dette lagt ut på offentleg høyring. Høyringsfrist: 1. oktober.

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova, og omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50 m ut i sjø frå strandlina.

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet. Fullstendig kunngjering er lagt ut på internettsidene til Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Fellesdelen av strandsoneplanen

Den interkommunale strandsoneplanen er samansett av ein fellesdel og kommunedelplanar for kvar kommune. Det er fellesdelen som no vert lagt ut på høyring. Fellesdelen inneheld målsettingar, registreringar m.m. og utkast til mal for felles føresegner som kommunane skal leggja til grunn ved utarbeiding av seinare kommunedelplanar/kommuneplanar.

Meir opplysningar

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf. 53 45 67 90 eller deltakande kommunar.

Merknader

Merknader vert å senda

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30