Innspel til arealplanen

Det er no høve til å koma med konkrete innspel til arealbruk i Fusa kommune. Innspela skal skrivast inn i eit skjema laga for formålet. Sjå retningsliner for innspel og tilhøyrande skjema (PDF, 529 kB) og planprogrammet (PDF, 813 kB). Frist for innspel er 3. januar 2014

Funksjonell strandsone

Fusa kommune har kartlagd ca 80 km strandsone - sjå kart (PDF, 11 MB) og rapport (PDF, 15 MB) - som del av arbeidet med interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa.

Dette er ei fagleg vurdering av område med spesielle natur- og kulturverdiar, bruksverdiar og press på areala. Denne kartlegginga skal sikra ei gunstig forvalting av strandsona i framtida. Kartlegginga skal liggja som retningsline for handsaming av innspel til arealbruk i strandsona. Sona kan vera smalare eller breiare enn 100-meterbeltet. For område som ikkje er kartlagde, gjeld 100 metersbeltet. 

Skriftlege innspel

Innspel skal sendast skriftleg til Fusa kommune v/arealplanleggjar Helle H. Bruland, postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller til postkasse@fusa.kommune.no.

 

 

Nyttige lenker: 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30